Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplan

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Ullensvang herad. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemda kommunen driv, skal kunna finna informasjon om kva retningsliner som må følgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Fagansvarleg arkiv skal ha melding om alle endringar i kommunen med moglege følgjer for arkivet og i god tid før dei vert sett i verk.

Arkivet har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Oppdatering av arkivplan skal mellom anna skje når:

  • det skjer endringar i post- og arkivrutinar.
  • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel.
  • det vert teke i bruk ny arkivnøkkel.
  • ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon.
  • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta.
  • det vert oppretta eller lagt ned styre eller utval .
  • det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegasjonsreglement.
  • kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen.

Fagansvarleg arkiv avgjer elles om det er trong for oppdatering av arkivplanen. Særleg er dette aktuelt når:

  • det vert teke i bruk ny versjon av arkivnøkkel .
  • det vert teke i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon.

Arkivplanen vert oppdatert jamleg. Det vert sendt ut melding til dei partar det gjeld, straks ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte eller endringar er gjort, skal fagansvarleg arkiv kontaktast.

Fagansvarleg arkiv Eir Sandstå telefon 53671503 / 95782030 eller e-post essa@ullensvang.herad.no

Fagansvarleg arkiv har ansvar med å sjå til at  alle einingar/verksemder  held seg til dei rutinane i arkivplanen, som gjeld til ei kvar tid.

Laster...