Utskriftsvennlig versjon

Organisering av arkivtenesta i Ullensvang herad

Arkivtenesta i Ullensvang herad er organisert med eit felles postmottak for sentralarkiv for einingar knytta til heradshuset. Sentralarkivet er lokalisert på heradshuset i Kinsarvik. Dei andre einingane har eigne arkiv og journalar.

Alle arkiv i Ullensvang herad, er i dag kategorisert som papirbaserte, sjølv om det vert brukt ei rekkje elektroniske hjelpemidlar i sakshandsaminga og til arkivering. Har eit offentleg organ både papirbaserte og elektroniske arkivdokument innan same arkivserie/arkivdel, skal dei sjåast på som papirarkiv etter gjeldande regelverk.

Med tida vil nok meir av sakshandsaminga og arkiva i Ullensvang herad verta fullelektroniske.

Arkivskaparar i Ullensvang herad

Fylgjande arkivskaparar skal byggje opp og halda vedlike arkivseriar i Ullensvang herad;

 

  • Sentralarkiv
    • Sakarkiv for heile heradshuset.
    • Gnr/Bnr arkiv for eigedomsarkiv
    • Gnr/Bnr arkiv for gardsarkiv
    • Planarkivet
    • Bustadarkivet
    • Branntilsynsarkivet (står fysisk i Odda frå år 2006)
    • Personalarkivet
    • Barnehage /SFO
    • Elevarkiv
    • Møtebøker, innkallingar og protokollar, delegerte vedtak
    • Utgåande kopibøker
    • Offentleg / ikkje offentleg postjournal
    • Journal for alle dokument, N-X-S-U og I
    • Bilagsarkiv
    • Innkrevjingsarkiv
    • Skattearkiv
  • Musikkskule
  • Psykisk helse
  • Nav Sosial
  • Pleie og omsorg
    • Omsorgstenesta vest - Utneheimen
    • Omsorgstenesta aust - Bråvolltunet
  • Helsestasjonane
    • Kinsarvik
    • Utne
  • Lofthus Legekontor
  • Utne legekontor
  • Logopedkontor
  • Fysioterapi
  • Røysane 26 psykiatribustader
  • Braato bufellesskap
  • Avlastningsbustad funksjonshemma
  • Biblioteket
  • Kinsarvik skule
  • Opedal skule
  • Sekse skule (nedlagt frå 01.08.2013 – Elevar vert flytta til Opedal skule)
  • Vikebygd skule
  • Hauso skule
  • Vines skule (nedlagt frå 01.08.2012 – Elevar vert flytta til Hauso skule)
  • Kinsarvik barnehage
  • Veisane barnehage
  • Sekse barnehage
  • Aga barnehage
  • Utne barnehage
  • Ullensvang innvandrarsenter og asylmottak
    • Asylmottak
    • Flyktningetenesta
    • Vaksenopplæring
  • Tilsynsutvalet i Hordaland (staten sitt arkiv)
  • Kyrkjekontoret (Var inne i sakssystemet Websak i 2002/2003)

 

Alle arkivskaparar skal vedlikehalda arkiva i samsvar med reglar i arkivplanen.

Laster...