Utskriftsvennlig versjon

Administrativ organisering

 Rådmann har det overordna ansvaret for leiinga av heradet.

Rådmannen er heradet sin øvste administrative leiar, og har gjennom tett samarbeid med folkevalde og tilsette ansvaret for å vidareutvikla ein berekraftig og framtidsretta organisasjon, og eit godt service- og tenestetilbod til innbyggjarane.

Rådmannen har delegert ansvaret til kommunalsjef. Kommunalsjefar har vidare ansvar for tenestestader. Rådmannen har lineansvar for til saman 5 kommunalsjefar.

For nærare informasjon om organisasjonen sjå organisasjonskart eller dei enkelte tenesteområda. Under kommunale planar og styringsdokument finn du mellom anna årsmeldingar for Ullensvang herad.

Rådmenn i Ullensvang herad:

Håkon Grønsdal sept. 1979 – 02.06.1997

Magnus Mjør 02.06.1997 – 05.09.2006

Tone Tveito Eidnes 06.09.2006 – 12.08.2012

Sveinung Dukstad (konstituert rådmann) 12.08.2012 – 07.05.2013

Kjartan Hernes (konstituert rådmann) 08.05.2013 – 31.07.2013

Hedvig Moe Øren 01.08.2013 - 31.08.2015

Magnus Steigedal 01.09.2015 -

Laster...