Ullensvang herad 2014-2019

Ullensvang

Blomstring på Lofthus

Blomstring på Lofthus

Arkivplan for Ullensvang herad

Alle offentlege organ skal til kvar ei tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert, jfr. arkivforskriften § 4. Arkivplanen skal og vise kva slags instruksar, reglar, planar mv. som gjeld for arkivarbeidet. I riksarkivarens forskrift § 1-1 om arkivplan er det skildra krav til innhald.

Hensikta med arkivplanen er at den skal vere Ullensvang herad sitt kvalitetssystem for arkivdanning og arkivforvalting, -eit viktig internt arbeidsreiskap og styringsverktøy.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i  Ullensvang herad. Alle tilsette som har med dokumentasjon å gjera i heradet er forplikta til å halda seg orientert om arkivplanen sitt innhald, og følgje dei retningsliner og rutinar som planen inneheld.

Arkivplanen skal sikra at Ullensvang herad ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlova § 6:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Som rådmann i Ullensvang herad oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

Ullensvang herad

rådmann