Ullensvang herad

Ullensvang

Blomstring på Lofthus

Blomstring på Lofthus

Arkivplan for Ullensvang herad

Spørsmål kring akivplanen kan rettast til Arkivleiar.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Ullensvang herad. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikra at Ullensvang herad ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlova § 6:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Oppdatering av arkivplanen

Oppdatering av arkivplanen skal skje når:

  • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
  • det vert teke i bruk ny arkivnøkkel
  • ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det blir gjort vesentlege endringar i heradet sitt delegasjonsreglement
  • kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor heradet

Arkivansvarleg avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når

  • det vert tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel
  • det vert tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon

Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Som rådmann i Ullensvang herad oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

Ullensvang herad

rådmann